Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Oppdrettarar slepp milliongebyr

(NPK-NTB): Ni laks- og aureoppdrettarar langs kysten slepp unna gebyr for i overkant av 25 millionar kroner for fusk med biomasseregelverket.

Oppdrettarane vart tekne av Fiskeridirektoratet for å ha hatt for mykje laks og aure i merdane. Det verste tilfellet gjaldt Polarlaks 2 i Nordland, som hadde dobbelt så mykje laks i anlegget sitt som konsesjonen tillét. Gebyret til denne bedrifta åleine var på i overkant av 9 millionar kroner.

Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim i Fiskeridepartementet opplyser til NTB at årsaka til at gebyra no blir strokne, er at sivilombodsmannen har uttrykt «begrunnet tvil» om det er tilstrekkeleg heimel i dagens lovverk til å krevja inn gebyra.

- Overskridingane av biomasseregelverket er alvorleg, fordi det både verkar konkurransevridande og gir oppdrettar ein urettkomen gevinst og kan vera skadeleg for miljøet, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap).

Direktoratet har fått beskjed om å behandle dei ni sakene på nytt og samtidig setja i gang arbeidet med utkastet til ei ny forskrift. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.