Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kosovo får første lån frå Verdsbanken

(NPK-NTB-AFP): Kosovo har fått sitt første lån frå Verdsbanken. Avtalen er den første i sitt slag sidan Kosovo erklærte seg uavhengig av Serbia for to år sidan.

Lånet er på rundt 120 millionar kroner og skal brukast til å styrke offentleg sektor i landet, spesielt eigedomsregisteret i landet.

- Underteikninga av låneavtalen er enda eit bevis på at staten Kosovo er i ferd med å bli moden og berekraftig, sa statsminister Hashim Thaci.

Kosovo slutta seg til Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) i juni 2009. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.