Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

237 kandidatar til årets fredspris

(NPK-NTB): Nobelkomiteen har fått inn forslag på 237 kandidatar til årets fredspris. Aldri før har det kome så mange forslag.

- Det er hyggjeleg at interessa aukar. At prisen i 2009 gjekk til Barack Obama, kan nok ha hatt betydning, seier direktør Geir Lundestad til NTB.

Av dei 237 kandidatane er 38 organisasjonar. Det har vore ei jamn stigning i talet på kandidatar. I fjor vart 205 meldt inn.

Frist for å levere inn aktuelle namn til Nobelkomiteen var 1. februar. Komiteen har nyleg hatt sitt første møte, og vil truleg ha fem til seks møter før dei bestemmer seg for den endelege fredsprisvinnaren.

Namnet på vinnaren blir gjort kjent fredag 4. oktober. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.