Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Tobakkssalet har gått ned

(NPK-NTB): Etter at tobakksvarene ikkje lenger er synlege i butikkane har salet gått ned med 1,6 prosent.

Dei to første månadene i år er tobakkssalet, målt i volum, redusert med 1,6 prosent samanlikna med same periode i fjor, opplyser NRK.

Forbodet mot synlege tobakksvarer vart innført frå nyttår, og tysdag vart det kjent at verdas største tobakksprodusent Philip Morris går til sak mot den norske staten for å få varene synlege att.

Argumentet frå tobakksprodusenten er blant anna at forbodet ikkje har nokon helseeffekt, og at det ikkje vil føre til at fleire sluttar å røykje. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.