Dette kjem fram i ei meiningsmåling Sentio har gjort for Universitas. Oppslutninga om partiet har gått ned frå 32 prosent i mai i fjor til 25,6 prosent i dag.
Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot forklarar partiets sviktande popularitet med manglande studentsatsing.
- Arbeidarpartiet kan ikkje snakke om kor viktig utdanning er, og så nedprioritere det. Det fungerer ikkje i lengda. Det er denne motsetninga partiet får i trynet no, seier han til studentavisa.
Helga Pedersen vil likevel ikkje vera med på at sviktande satsing på forsking og studentar er årsak til nedgangen.
- Sjølv om studentane er opptekne av eigen situasjon, så trur eg dei tenkjer på det generelle biletet når dei oppgir kva for parti dei vil stemme på, seier ho. (©NPK)

