Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Svikt hos 8 av 10 psykiatriske senter

(NPK-NTB): Ved heile 8 av 10 distriktspsykiatriske senter i Noreg får vaksne med alvorleg psykisk liding ikkje tilfredsstillande behandling, viser ein fersk rapport frå Helsetilsynet.

Helsetilsynet har undersøkt 56 distriktspsykiatriske senter i 2008 og 2009 og konkluderer med at tilbodet til brukarane ikkje tilfredsstiller krava ved heile 44 av dei.

Det vart undersøkt korleis nye pasientar vart vurdert, prioritert, undersøkt, behandla og følgd opp, og ifølgje tilsynet handlar den mest utbreidde svikten om manglande dokumentasjon, og planar for behandling.

Mange av sentra sikra for eksempel ikkje at pasientane fekk ei kvalifisert vurdering av behandlingsbehovet sitt.

- Vi ser svært alvorleg på at så mange av sentra ikkje sikrar at vaksne med alvorlege psykiske lidingar har god nok tilgang til tenestene. Svikt i måten tilvisingar blir handtert og vurdert, kan føre til at pasientar ikkje får vurdert det behovet dei har for helsehjelp, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn.

Ved dei aller fleste sentra der det vart oppdaga avvik, peika Helsetilsynet på mangla og svikt ved styring og leiing. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.