Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Oljepengane inn i nettgambling

(NPK-NTB): Oljefondets investeringar i utanlandske nettspelselskap er nesten firedobla frå 2006 til 2009.

Statens pensjonsfond - utland, mest kjent som oljefondet, hadde i 2006 investert 306 millionar kroner i eigarskap i fire forskjellige nettspelselskap. I 2009 var investeringane auka til 1.203 millionar kroner fordelt på ni slike selskap, ifølgje Vårt Land.

Noregs Bank kommenterer ikkje investeringane, men Øystein Sjølie ved kommunikasjonsavdelinga seier heilt generelt at verdien av fondets aksjeportefølje er auka med 45 prosent det siste året og 70 prosent dei siste to åra.

Leiar Lill-Tove Bergmo i foreininga Pårørande til speleavhengige meiner staten viser «dobbeltmoral på høgt nivå»:

- Ved å hindre at nordmenn får tilgang til desse selskapa vernar vi våre eigne, men det er ikkje så nøye med folk i andre land. Det vitnar om at staten er kynisk og grådig, seier ho. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.