Av 477.000 innbyggjarar i vestlandsfylket kan 347.000 få problem med vassforsyninga i våren dersom det ikkje blir regn snart, skriv Bergens Tidende, som har vore i kontakt med alle kommunar i Hordaland.
Folkerike kommunar som Stord og Odda har alt no vore nøydde til å bruke reserveløysingar, og i Bergen vurderer dei det same.
I Fjell kommune trur dagleg leiar Bjarne Ulvestad i det kommunaleigde vassforsyningsselskapet at dei har vatn nok for maksimalt 90 dagar. Også grisgrendte kommunar som Fusa og Austevoll slit.
Etne kommune har bede folk om å spare på vatnet, blant anna med å la vera å vaske bilen og ikkje la vatnet renne i springen.
Kriseløysinga er å tappe ureinsa vatn frå Etneelva. Skulle det skje, må 700 innbyggjarar koke alt vatn før bruk. (©NPK)

