Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Treng 800 milliardar kroner til vedlikehald

(NPK-NTB): Etterslepet for manglande vedlikehald av offentlege bygg og infrastruktur har hopa seg opp til 800 milliardar kroner, ifølgje ein rapport som blir lagt fram onsdag.

Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) har gått gjennom bygg og anlegg til ein samla verdi av 4.000 milliardar kroner, og konklusjonen er at det er store etterslep innan åtte av elleve område.

Dei to områda som får definitiv strykkarakter, er jernbane og avløpsanlegg. Her er etterslepet kalkulert til høvesvis 200 milliardar kroner og 110 milliardar kroner.

Berre lufthamner, avfallsanlegg, energiproduksjon og energidistribusjon får godkjent karakter. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.