Avgifta skal utgjera rundt to milliardar kroner og er tenkt som eit øyremerkt bidrag til auka satsing på jernbanen. Dermed kan ein gjennomføre dette utan at andre skattar eller avgifter på reduserast tilsvarande, meiner SV.
- Det er klart folk ikkje likar auka avgifter, men eg trur mange vil oppfatte det positivt når ein ser at pengane konkret går til jernbanesatsing, seier finanspolitisk talsmann i SV, Lars Egeland, til Dagens Næringsliv.
Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) har denne veka gått hardt ut etter at DN omtalte SVs skatteplanar basert på anonyme kjelder. Johnsen slo fast at regjeringa står ved lovnaden om at det samla skatte- og avgiftsnivået ikkje skal aukast ut over 2004-nivået.
SVs krav er å innføre på den flyseteavgifta som var 256 kroner då ho vart fjerna av Bondevik I i 2001, med ei avgift på 100 kroner per flysete på strekningar mellom dei store byane i Sør-Noreg, og berre på strekningar der tog er eit alternativ. (©NPK)

