Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Coop i ferd med å bli Noregs største reisebyrå

(NPK-NTB): Forbrukarsamvirket Coop har auka salet av hotellrom med over 60 prosent det siste året. Coop er i ferd med å bli eitt av Noregs største reisebyrå.

Veksten kom då store delar av reiselivsbransjen sleit tungt. Informasjonsdirektør i Coop Norge, Bjørn V. Kløvstad, opplyser til Nationen at det i 2009 vart selt 140.000 romdøgn gjennom den nye avdelinga Coop Hotellkupp.

- Det svarar til nesten 200.000 gjestedøgn dersom ein reknar at det i snitt bur 1,4 personar på kvart rom. For Coop, som særleg marknadsfører dobbeltrom, er forholdstalet truleg høgare, meiner Kløvstad.

Tilbodet byggjer på at kunden vel reisemål, medan Coop finn hotell ved hjelp av eit eige kontor i Storbritannia. Prisen for eit dobbeltrom ligg frå 1.350 kroner.

- Opplegget kan samanliknast med uspesifisert hotell på charterreise, men vi garanterer tre- eller firestjerners hotell, seier Kløvstad. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.