Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Frp-invitt til Bondelaget

(NPK-NTB): Framstegspartiet inviterer Norges Bondelag med i eit utval som skal meisle ut Frps landbrukspolitikk. Tilbodet er avslått, men Bondelaget vil likevel gjerne gi råd til Frp.

Frp-nestleiar Per Sandberg seier at partiets kuttpolitikk som betyr å barbere overføringane til landbruket med 6 milliardar kroner, ligg fast. Men tidsrammer og innretning på kutta kan diskuterast.

- Å kutte dette beløpet over eitt år er ikkje godt nok fundert i forhold til konsekvensane. Det kan hende dette er ein riktig storleik, men utvalet må kunne vise at konsekvensane ikkje blir for store for landbruket, seier Sandberg til Nationen.

Difor set partiet ned eit utval som skal finjustere kuttpolitikken.

Norges Bondelag har alt takka nei til invitasjonen om å bli med i utvalet.

- Vi er positive til å koma med råd til Frp. Men det er ikkje aktuelt for oss å sitja i eit utval internt i eit parti, seier bondelagsleiar Nils T. Bjørke. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.