Rundt 100 personar klagar kvart år på at dei ikkje får sjukeheimsplass. Rundt halvparten får gjennomslag. Ifølgje kommunehelselova har ein krav på helsehjelp frå kommunen etter pasientlova.
Direktør Geir Sverre Braut i Helsetilsynet trur dei låge tala blant anna kjem av god eldreomsorg og at eldre ikkje er vande med å klage. (©NPK)

