Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Heilproffe innbrotsbandar herjar

(NPK): Innbrotsbandar frå Aust-Europa opererer svært profesjonelt. Kripos-sjefen innrømmer at politiet ikkje var godt nok førebudd då dei utanlandske bandane oppdaga Noreg.

I små og tette nettverk blir det sett i verk innbrotsraid med proffe utøvarar i alle ledd. Bandane har låsesmedar, elektrikarar, stor teknisk kunnskap, militær bakgrunn og innsikt i skattelister og nabolag. - Vi må kunne seia at det har teke ei stund før politiet har forstått profesjonaliteten, seier Kripos-sjef Odd Reidar Humlegård til Aftenposten.

Ifølgje Humlegård samlar bandane gjerne opp tjuvegodset i deponi, før det blir transportert ut av landet i vogntog. Då følgjer dei også med på når det er grensekontrollar før lasta blir sendt ut.

- Det er ikkje slik at dei kjem med brekkjern og B-gjengen-briller. Dei jobbar ikkje etter innfallsmetoden, men har god kapasitet og tilgang til ressursar, seier Humlegård. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.