Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Solheim opnar for jakt på omstridd ulv

(NPK-NTB): Miljøvernminister Erik Solheim (SV) opnar for felling av den omstridde svenske Galven-tispa, dersom eit siste forsøk på å flytte ulven slår feil.

Sauebønder frå Hedmark hadde tysdag møte med Solheim for å diskutere framtida til ulven.

- Vi kan ikkje ha Galven-tispa gåande inne i Stange og Løten i beitesesongen. Så vi gjer no eit siste forsøk på å flytte henne. Dersom det ikkje lykkast, så vil det bli gitt tillating til felling av denne ulven, seier Solheim til nationen.no.

Galven-tispa blei i fjor sommar skulda for å ha teke livet av ei større mengde sauer. Solheim gir Statens naturoppsyn (SNO) frist innan søndag.

- Går det mot felling, ser vi for oss eit samarbeid mellom SNO og lokale jegerar, men det kjem vi eventuelt tilbake til, seier Solheim. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.