Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Vogntog i ulykke var full av F-16-rakettar

(NPK-NTB): Eitt av dei tre vogntoga som vart skadde i ein kjedekollisjon på Saltfjellet måndag, var fullt av høgeksplosive rakettar til jagarflyet F-16.

Ammunisjonen var på veg frå Bodø til Rygge i eit sivilt vogntog. Under kolonnekøyring over Saltfjellet vart ti-tolv køyretøy involverte i ein kjedekollisjon. Tre personbilar, ein mobilkran og tre vogntog vart sitjande fast.

I eitt av desse vogntoga var den høgeksplosive lasta, skriv NRK. To personar vart skadde i ulykka, og fire andre måtte få legebehandling.

Ifølgje Forsvaret var ammunisjonslasta forsvarleg sikra, og det var lite sannsynleg at noko kunne gått gale.

- I fri utfalding er missilane svært eksplosive og kraftige, men vi har gode rutinar for å handtere slike våpen på ein trygg måte. Både når det gjeld interne tryggingsmekanismar og korleis dei vert pakka under transport. Dette er ein rein rutinetransport, seier presseoffiser John Espen Lien ved Forsvarets Operative Hovudkvarter i Bodø til NRK. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.