Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Elitefotballen blir sponsa med 588,5 millionar

(NPK-NTB): Eliteserielaga i fotball hankar inn 588,5 millionar kroner i sponsorinntekter, opplyser TV 2.

Rosenborg er mest attraktiv. Rundt 80 millionar kroner sopar trønderane inn. I andre enden finn ein nyopprykte Kongsvinger, som hankar inn rundt 6 millionar kroner i sitt toppseriecomeback.

Finanskrisa frå i fjor verkar gløymt. Dei fleste klubbane kan vise til ein auke på sponsorsida.

- Eg opplever det som om marknaden no er i ferd med å snu, etter at det gjekk riktig galt for mange klubbar i 2009. Interessa er på veg tilbake, og det er viktig for heile bransjen, seier marknadssjef i Brann Kristian Jæger til TV 2. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.