Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Milliardtap for torskeoppdrettarane

(NPK-NTB): Norske torskeoppdrettarar har tapt over ein milliard kroner frå 2005 til 2008. Fleire aktørar har gitt seg og bransjen reknar med halvering dei neste to åra.

I 2007 var det 27 torskeoppdrettsselskap som til saman dreiv på 450 konsesjonar langs norskekysten. I 2010 vil det vere drift i berre 15 selskap og halvparten av konsesjonane, ifølgje ei oversikt frå Norsk Sjømat.

Dei tre største aktørane, Marine Harvest, Grieg Seafood og Fjordlaks Marine har allereie kasta korta.

Norsk sjømatsenter bereknar at produksjonen vil falle frå rundt 21.000 tonn i fjor til ein stad mellom 7.000 tonn og 14.000 tonn dei neste to åra.

- Prisen på torsk har falt dramatisk dei siste åra. Den ligg no på omtrent halvparten av prisen for laks. I 2001, då torskeoppdrettet i Noreg for alvor byrja å skyte fart, var situasjonen omvendt, seier Jørgen Borthen i Norsk Sjømatsenter til Adresseavisen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.