Mannen er sikta for seksuelle overgrep mot fem gutar og seksuelle handlingar mot eit 20-tals gutar via Webkamera. Forholda har strafferammer frå eitt år til 21 års fengsel.
IKT-etterforskar Lars Eirik Nilssen i Salten politidistrikt seier at etterforskinga i saka har vorte hemma av reglane for datalagring og retten politiet har til innsyn.
- Dersom datalagringsdirektivet hadde vore vedteke, ville denne saka hatt eit dramatisk mykje større omfang. I dag har ikkje teleleverandørane lov til å lagre datatrafikk lenger enn 21 dagar. Av våre 50 førespurnader på konkrete hotmailadresser, fekk me berre ut data som spora identiteten til barna i 20 av sakene, seier Nilssen til Dagsavisen.
Den overgrepssikta bodøværingen har hatt 1.200 kontaktar med mindreårige gutar på nettsamfunnet MSN. For 1.000 av dei har han gitt seg ut for å vere ei ung jente, og for 200 har han brukt sin eigen identitet, men gitt seg ut for å vere den « kulde, eldre vennen» til denne jenta.
Som «jente» har han lurt gutar til å kle av seg og utføre seksuelle handlingar framfor webkamera. Men mange av gutane er ikkje identifisert. (©NPK)

