Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

154 timer med ekstrem luft i år

(NPK-NTB): Bergensarane er så langt i år utsett for ni gangar så mykje ekstrem luftforureining som den tillatne kvoten for heile året.

Det er forureiningstyresmaktene som har sett grensa til maksimalt 18 timar med høgare utslepp enn 200 mikrogram nitrogendioksid (N02) gjennom eitt år.

Måndag passerte Bergen 154 timar med ekstrem luftforureining, skriv Bergens Tidende.

Framleis er det ekstreme verforhold som er årsaka. Målingar frå Danmarks plass viser at situasjonen var verst i januar, men også i februar har det vore mange dagar med overskridingar.

Høgtrykket over Sør-Noreg i januar og februar kjølte ned bakken og skapte bakkenær inversjon. Og fordi Bergen ligg i le av østavinden på grunn av fjella rundt byen, vart ikkje den giftige lufta blåst vekk. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.