Fleirtalet i presidentskapet seier blankt nei til eit forslag frå SV og Venstre om at påverkarar skal registrere seg på Løvebakken.
Ei rekkje andre land har etablert ordningar der det blir registrert og listeført kven som oppsøkjer parlamentet og regjeringa for å påverke, og kven desse representerer. Og i USA har president Barack Obama lagt ned forbod mot at dei tidlegare medhjelparane kan kome tilbake som påverkarar.
Men stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap) og fleirtalet i presidentskapet avviser eit norsk lobbyregister, fordi møta berre vil flytte seg ut av Stortinget. Dermed vil ein eventuell registrering ikkje gi det riktige biletet av den lobbyverksemda som reint faktisk foregår.
Venstre tok opp saka på nytt i kjølvatnet av debatten rundt overgangen til tidlegare statsråd Bjarne Håkon Hanssen til PR-bransjen i fjor.
- Då Bjarne Håkon Hanssen-debatten raste, var det fleire som var uroa og ville stramme inn. No er det tydelegvis gløymt. Men før eller sidan vil me finne fram i denne saka, seier Venstre-nestleiar Trine Skei Grande til VG. (©NPK)

