Blant dei som er tidsavgrensa uføre og som ikkje allereie er i inntektsgjevande arbeid, er det berre 15 prosent som ønskjer seg tilbake til arbeidslivet.
Denne gruppa skal ifølgje Nav ha « utsikter til å komme ut i arbeidslivet igjen». Og slår ein tidsavgrensa og varig uføre saman, ønskjer under 10 prosent seg inn igjen i arbeidsmarknaden, viser analysen.
Velferdsforskar Knut Røed seier til Aftenposten at tala viser kor vanskeleg det blir å nå målet om betre inkludering i arbeidslivet.
- Tala illustrerer at hovudstøyten må settast inn på å få ned talet på uføre. Når du har vore ute i nokre år, er det vanskelegare å motivere seg for å kome tilbake i jobb, seier Røed. (©NPK)

