Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Svineinfluensaen kjem igjen til vinteren

(NPK-NTB-Reuters): Det vil mest sannsynleg ikkje bli nye epidemiar med svineinfluensa i Europa over sommaren, men til neste vinter kan H1N1 bli den viktigaste influensavarianten.

Det europeiske senteret for sjukdomsførebygging og- kontroll (ECDC) seier at viruset truleg spreier seg langsamt til våren og sommaren og så kjem sterkare tilbake når vinteren kjem til den nordlege halvkula.

ECDC seier det neppe blir ein ny pandemisk spreiing av viruset gjennom sommaren om ikkje det blir oppdaga nye store uvaksinerte grupper eller viruset enrar seg slik at det blir meir smittsamt.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) erklærte i juni i fjor at H1N1 hadde forårsaka ein pandemi, den første på 40 år, etter at den dukka opp i Mexico og spreidde seg til USA og rundt verda på seks veker.

Fram til no har WHO stadfesta 16.226 dødsfall eitt sjukdommen, men dødstalet er truleg mykje høgare sidan dei fleste døde, aldri vart diagnostisert eller testa for viruset. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.