Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Obama-besøket billigare enn frykta

(NPK-NTB): Politidirektoratet har sett to strekar nedst på rekninga etter Obamas noregsbesøket i desember. Kostnaden blei «berre» 74 millionar kroner.

Før besøket var det budsjettert med politiutgifter på 80 millionar kroner, og Justisdepartementet hadde gitt klarsignal for inntil 42 ekstra millionar i overskridingar. Sluttsummen er derfor noko lågare enn budsjettert og under to tredeler av det absolutte maksbeløpet.

- Det var ei streng økonomistyring gjennom heile oppdraget og sluttrekninga speglar det, seier Johan Fredriksen til Nettavisen. Fredriksen hadde ansvaret for gjennomføringa av operasjonen

Oslo politidistrikt har brukt cirka 63 millionar kroner, medan resten gjekk til andre einingar. 500 av dei 2.500 politifolka som deltok, var henta inn utanfrå.

Totalt var 19 politidistrikt involverte, i tillegg til Politiets tryggingsteneste, Økokrim og Utrykkingspolitiet. Bombehundar var også leigd inn frå Danmark og Sverige.

I tillegg til politioperasjonen, fekk Forsvaret 12 millionar kroner for å beskytte luftrommet over Austlandet med blant anna rakettbatteria sine. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.