Retten finn det klanderverdig at majoren som var pilot på ulykkesflyet, fekk halde fram å fly trass i sterke indikasjonar om alkoholmisbruk. Dette kom av svikt i fleire ledd i Luftforsvaret, ifølgje dommen.
Likevel meiner retten at staten ikkje har noko oppreisningsansvar for handlingar som sjefen for Luftforsvaret eller hans underordna gjer.
Rapporten som viste at piloten hadde eit alkoholproblem, var hemmelegstempla i mange år. Først i 2005 fekk dei pårørande kjennskap til dette. I januar i år gjekk dei til søksmål mot staten. (©NPK)

