Han er også dømt til å betale til saman over 3,1 millionar kroner i samla erstatning til sonen.
- Tiltalte har ofra barnet sitt for eiga rolle. Moglegheitene til å seie frå om fallet til babyen var mange, meinte aktor Bjørn Enoksen Ristesund, ifølgje Aftenbladet.no.
Då den vesle guten fall i betonggolvet med hovudet først våren 2008, lèt faren vere å sørgje for at babyen kom under rask medisinsk behandling. I staden sette han seg ned og såg på fjernsyn og spelte Playstation. Han merkte etter kvart at guten vart slapp, men meinte det var dårleg honning som var grunnen. Først etter ei veke kom babyen under sjukehusbehandling.
Mannen har vedgått at han røykte hasj jamleg og dagleg i perioden uhellet skjedde, men ikkje den aktuelle dagen. Han har vedgått å ha mista guten i golvet, men har nekta straffskuld i saka.
Riksadvokaten har tidlegare lagt bort saka om at faren har påført sjølve skaden. (©NPK)

