Få dagar før 27-åringen køyrde ned og drap politimannen, vart han teken av politiet i Drammen. Han var på rømmen frå ein behandlingsinstitusjon då han vart teken for å køyre ein stolen bil i påverka tilstand.
Politiet i Rogaland hadde loggført at 27-åringen hadde rømt frå opa soning, men politiet i Drammen hadde ikkje fått dette med seg. Dermed fann dei ingen grunn til å halde på mannen.
Onsdag i førre veke truga den 27 år gamle rømlingen til seg ein bil frå ei kvinne i Drammen. Same natt køyrde han sørover, og ved 3.30-tida torsdag morgon køyrde han ned og drap Børge Ivarsen i det den erfarne politimannen var i ferd med å leggje ut spikarmatter på E18 ved Grimstad.
- Etterforskarane frå spesialeininga kjem til Kristiansand tysdag for å starte avhøyra av politifolk i Agder politidistrikt. Seinare skal dei også vurdere om politiet i Drammen og Rogaland følgde gjeldande rutinar, opplyser Einar Drægebø, advokat og leiar for spesialeininga i Vest-Noreg. (©NPK)

