Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

OECD: Noreg må stramme inn pengebruken

(NPK-NTB): Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) tilrår norske styresmakter å føre ein strammare økonomisk politikk i åra framover.

Noreg har klart seg betre enn andre industriland gjennom finanskrisa, slår organisasjonen fast i sin årlege landrapport om norsk økonomi. Spesielt blir tiltaka frå dei norske styresmaktene framheva som viktige. Men under føresetnad av at veksten i økonomien held fram, meiner OECD at tida no er inne for å stramme inn på den offentlege pengebruken.

- Regjeringa deler dette synet og har tydeleg understreka behovet for å vende tilbake til 4-prosentbanen for bruk av oljepengar etter kvart som veksten tek seg opp og utsiktene blir betre, seier finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) (©NPK).

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.