Skattenivået kan bli eit sentralt tema når regjeringa samla seg til budsjettkonferanse på Thorbjørnrud på Jevnaker søndag. SV kjem nemleg til å utfordre Arbeidarpartiet på det samla skattenivået, skriv Dagens Næringsliv med tilvising til « sentrale SV-kjelder».
SV ønskjer ifølgje kjeldene auka skatt for å finansiere ein vanskeleg budsjettsituasjon.
Regjeringa gjekk til val i 2005 på at det samla skatte- og avgiftsnivået her i landet ikkje skulle aukast ut over 2004-nivå. Løftet vart gjenteke i 2009, og deretter nedfelt i Soria Moria-erklæringa for inneverande periode.
Men i SV meiner mange no at det vil vere politisk utoleleg dersom rekninga etter finanskrisa og skattesigeren til reiarlaga på 13 milliardar kroner skal bli betalt gjennom til eksempel kutt i velferdsordningar eller dårlegare kommuneøkonomi.
Parlamentarisk leiar Bård Vegar Solhjell i SV kommenterer ikkje opplysningane, men seier at han ikkje vil sjå bort ifrå nokon ting. (©NPK)

