Lite har skjedd sidan daverande landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen (Sp) la fram eit strategidokument i 2007 for å betre stillinga i landbruket.
Også den gang var berre ein firedel av landbrukseigedommane eigd av ei kvinne, skriv Nationen.
Statistikkgrunnlaget kan likevel vere litt skeivt. Sidan 2002 kan ein berre føre opp eitt namn ved registrering av enkeltpersonføretak i Brønnøysundregistra. Dermed er det mogleg at mange kvinner ikkje stå oppført, sjølv om dei deltek aktivt i drifta, eller er deleigar.
Siri Bruem ved landbrukskontoret hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag meiner at statistikkgrunnlaget er så dårleg at det ikkje er egna til å forme politiske mål ut frå det. Bruem er også styremedlem i Norges Bondelag og har arbeidd med likestilling i landbruket i fleire tiår. Ho meiner eigarskap er nøkkelen.
- Utan eigarskap er det vanskeleg å få dei med på å bestemme og vere inkludert. Som eigar har du ein moglegheit til å representere eigarinteresser i alle samanhengar. Dette er langt viktigare enn å få fleire kvinner til å dyrke korn eller at dei skal køyre traktor, seier ho. (©NPK)

