Høgre og Framstegspartiet ville hatt fleire representantar på Stortinget enn dei tre raudgrøne dersom målinga i Klassekampen og Nationen, utført av Norfakta, hadde vore eit val.
Framstegspartiet er uforandra frå førre månad med 23,7 prosent oppslutning, og Høgre går fram 0,7 prosentpoeng til 20,5 prosent.
Arbeidarpartiet går ned 1,9 prosentpoeng til 32 prosent og SV går tilbake 1 prosentpoeng til 6,6 prosent. Senterpartiet aukar med 0,8 prosentpoeng til 5,6 prosent.
Det ville samla gitt 75 mandat på Stortinget for dei raudgrøne medan Høgre og Framstegspartiet samla ville fått 77 representantar.
Størst framgang er det for Venstre, som med ein oppslutning på 5,3 prosent (fram 1,7 prosentpoeng) ville fått ni mandat på Stortinget om målinga hadde vore eit val, mot dagens to stortingsrepresentantar. (©NPK)

