Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Minst 17 døde etter kraftig jordskjelv i Tyrkia

(NPK-NTB-Reuters-AFP): Eit kraftig jordskjelv skaka natt til måndag det austlege Tyrkia. Minst 17 menneske mista livet.

Skjelvet, som hadde ein styrke på 6 og låg grunt, råka sørvest for byen Bingol i provinsen Elazig.

Det var i landsbyane Okcular, Yukari Kanatli og Kayali i Konvencilar-distriktet det vart størst skadar, og det var der 17 menneske mista livet.

Ifølgje TV-kanalen CNN Turk er fleire menneske gravlagt under ruinane.

- Det var redsel og panikk blant folk. Det varte i eitt minutt. Me kjende det svært godt, og alle prøvde å kome seg ut på gata, seier ein lokal journalist til CNN Turk.

Jordskjelv med ein styrke på over 6 kan føre til store skadar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.