- Me trur me er veldig likestilte, men mange blir veldig paffe når dei ser korleis me ligg an samanlikna med andre europeiske land, seier seniorrådgjevar Linda Marie Rustad i Universitets- og høgskulerådet til Dagsavisen.
Noreg har høgare kvinnedel av mastergradsstudentar og stipendiatar enn EU, og dermed eit større rekrutteringsgrunnlag til professorstillingar. Likevel er talet på kvinnelege professorar i Noreg og EU den same: to av ti.
Tal frå Eurostat viser at i åra 2004-2007 var Noreg det einaste landet i Europa der det vart vanskelegare for kvinner å oppnå eit professorat. (©NPK)

