Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Moan tilbake som vinnar

(NPK-NTB): Magnus Moan la vonbrotet frå OL bak seg og vann verdscuprennet i kombinert i Lahtis fredag. Han slo Hannu Manninen i spurt.

Moan fekk det ikkje heilt til å stemma under leikane i Vancouver. I tillegg blei han stoppa av tilhøva til tider. Langrennsforma såg ut til å vera god. I lagkonkurransen hadde han også eit godt hopp.

Fredag gjekk han ut halvminuttet bak leiaren Wilhelm Denifl. Austerrikaren hoppa 124,5 meter og leidde klart etter hoppinga. I sporet var likevel Moan best.

Nordmannen kom inn på oppløpet saman med finnen Hannu Manninen. Moan parkerte finnen i spurten og kunne kryssa mållinja jublande. Det var den tredje verdscupsigeren hans i sesongen.

Moan var nummer 14 etter hoppinga. Svevet hans var på 111 meter i relativt krevjande forhold. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.