Resultatet av lisensjakta på bjørn og ulv har dei siste åra lege under 50 prosent av tildelt kvote, noko som har ført til fleire dyr enn ein har ynskt mange stader, heiter det i avgjerda.
- Vi inviterer regjeringa på ein dugnad for å gjere lisensjakta på bjørn og jerv meir effektiv. Dersom regjeringa mjukar opp regelverket, vil grunneigarane bidra til at rovviltjegerar kan kjøpa jaktkort som dekkjer store område. Det vil også bli gjeve betre opplæring, seier nestleiar i Norges Bondelag, Berit Hundåla.
Forslagsstillarane meiner at det med dei nye grepa vil bli råd å halde bestanden av rovvilt på eit ynskt nivå, minska rovdyrkonfliktane og redusera behovet for felling av bjørn og jerv som har gjort skade på husdyr. (©NPK)

