Regjeringa har ikkje endra vedtaket om heving av den tyske ubåten utanfor Fedje i Nordhordland, understrekar fiskeriministeren.
Fiskeridepartementet la fram innstillinga si fredag. Hevingsprosjektet skal greiast ut på nytt. Også alternativet med å dekkja til vraket blir halde ope.
- Den kvalitetssikringsrapporten vi fekk før jul viser at dette er ei komplisert og vanskeleg sak. Vi blei frårådde å gå vidare med det prosjektet som låg føre. Difor gjennomfører vi ei grundigare utgreiing for å sikra at dette blir gjort på ein miljømessig og trygg måte, seier Berg-Hansen til NTB.
- Heving er det beste alternativet, og vi har ikkje endra det vedtaket. Men vi må gjera det på ein sikker måte. Vi har ikkje råd til å utsetja miljøet for ein mislukka hevingsoperasjon, seier Berg-Hansen. (©NPK)

