Dei to byane overleverte søknadene sine til den olympiske komiteen i Italia (CONI) fredag. CONI skal no avgjere kva for ein by som skal få søkje om leikane.
Den internasjonale olympiske komité (IOK) avgjer vertsby for 2020-leikane i Buenos Aires i 2013. London arrangerer leikane i 2012, medan Rio de Janeiro er vert i 2016.
Roma var OL-arrangør i 1960. (©NPK)

