Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Helse Førde vil leggje ned to sjukehus

(NPK-NTB): Styringsgruppa i Helse Førde foreslår å fjerne sengepostane ved to lokalsjukehus og gjere dei om til distriktsmedisinske senter.

Sjukehuset på Nordfjordeid og sjukehuset i Lærdal vert lagde ned dersom planane blir sette i verk. Tre forslag vart lagde fram under dialogmøtet mellom styret i Helse Førde, ordførarane i fylket, leiinga i Helse Vest og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) fredag.

I alle dei tre forslaga var hovudinnhaldet at lokalsjukehusa mister sengepostane, fortel NRK.

Det inneber at fødetilbodet ved begge sjukehusa vert lagde ned.

Styringsgruppa går inn for eit forslag om eit sentralsjukehus i Førde og to lokalmedisinske senter i Lærdal og på Nordfjordeid. Forslaget skal ut på ei høyring som skal vere klar 18. april. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.