Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ber SOS Rasisme om nye medlemstal

(NPK-NTB): SOS Rasisme må innan 15. april gi opp medlemstala på nytt overfor Fordelingsutvalet, som er underlagt Barne- og likestillingsdepartementet.

SOS Rasisme får frifondsmidlar gjennom Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Tidlegare denne veka vart det kjent at LNU trekkjer støtta på 4,5 millionar kroner fordi dei sterkt tviler på om medlemstala til SOS Rasisme er korrekte.

SOS Rasisme får i tillegg 3 millionar kroner årleg i tilskot frå Fordelingsutvalet. Utvalet held desse pengane for 2010 tilbake i påvente av kontroll. Utvalet ønskjer svar på ei rekke spørsmål og har gitt SOS Rasisme frist til 15. april med å gjere greie for og leggje fram dokumentasjon, skriv Klassekampen.

Fordelingsutvalet ber om at SOS Rasisme på nytt går gjennom medlemstala for 2007 og 2008. Utvalet mistenker at SOS Rasisme opererer med ei rekke falske familiemedlemskap.

Utvalet vil også ha svar på kvifor SOS Rasisme har oppgitt ulike medlemstal i lokallaga i søknader til støtte sendt til ulike forvaltarar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.