- Det er ingen skip som sit fast no, seier Ann Ericsson i isbrytaravdelinga hos dei svenske sjøfartsstyresmaktene.
Over 50 fartøy, blant dei fleire store passasjerferjer, har vore innefrosne i ismassane i Austersjøen, og arbeidet med å trekkje dei laus viste seg å vere svært vanskeleg.
Utover formiddagen vart vêrtilhøva litt betre, og ved 9-tida opplyste sjøfartsstyresmaktene at alle skipa som har stått fast no har kome laus. Vindforholda skal også bli meir fordelaktige i helga, opplyser meteorologane. (©NPK)

