Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Full forvirring over kor mange som omkom i Chile

(NPK-NTB-Reuters-AFP): Det herskar full forvirring om kor mange som omkom under jordskjelvet og tsunamien i Chile.

Den chilenske regjeringa nedjusterte torsdag talet på stadfesta omkomne frå 802 til 279, men gjekk seinare tilbake på dette.

279 omkomne er til no identifiserte, vart det deretter presisert, men talsmenn for styresmaktene medgjekk samtidig at talet på omkomne er uklart.

Styresmaktene har tidlegare oppgitt at 802 personar er stadfesta omkomne etter det kraftige jordskjelvet laurdag, men opplyser no at dette talet også inkluderer lister som ikkje er stadfesta over fleire hundre sakna. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.