Til saman vil dermed 117 av Noregs 450 lakseelver vere stengde for fiske dei neste fem åra, skriv Nationen.
Årsaka til innstrammingane er at bestanden av gytande villaks er altfor låg, og at rømt oppdrettsfisk og lakselus utgjer ein større trussel enn nokon gong før.
- Det er dramatisk å stenge 117 lakseelver. Mange av elvane ligg i Nordland. Her er det ein lang kyst med mange vassdrag, og påverknaden frå oppdrettsanlegga er stor, seier prosjektleiar Eyvin Sølsnæs i Direktoratet for naturforvaltning (DN).
I tillegg til fiskeforbod i totalt 117 elvar blir det i mange elvar pålagt strenge restriksjonar, som avkorting av sesongen i fire-seks veker og dagskvotar på kor mykje fisk ein kan dra opp. (©NPK)

