Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner at toppen 10-12 prosent av dei brukte oljepengane dei siste åra har gått til utdanning, forsking, vegar og jernbane. Det er feil, seier finanspolitisk talsmann i Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland.
- Det er uforståeleg at NHO ikkje forstår at barnehagane er ein del av det norske utdanningssystemet. Å satse på heile utdanningsløpet frå barnehagane og oppover, er heilt avgjerande for å skape vekst og verdiskaping i Noreg i framtida, seier han.
Ifølgje NHO er 17 prosent av oljepengane mellom 2001 og 2010 blitt brukt på barnehageplassar. (©NPK)

