Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Utset hevinga av Fedje-ubåten

(NPK-NTB): Hevinga av den tyske ubåten U-864 ved Fedje i Nordhordland blir utsett på ubestemt tid, skriv bt.no.

Det er ikkje pengane, men uvissa ved sjølve hevinga, som gjer at regjeringa vil ha meir tid og nye utgreiingar av hevingsprosjektet.

Regjeringa har tidlegare vedteke at ubåten skulle hevast i 2011. No blir den liggjande minst eitt år til. Ubåten inneheld 67 tonn med giftig kvikksølv.

Årsaka til utsetjinga er ein kvalitetssikringsrapport som kom før jul. Her vart det antyda at kostnadene ved hevinga ville bli dobbelt så høge som tidlegare anslått og at prosjektet var for dårleg førebudd. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.