Espedal får prisen i skarp konkurranse med dei andre nominerte i kategorien vaksenbok, Kjartan Fløgstad for «Grense Jakobselv», Karl Ove Knausgård og den mykje omtalte boka hans «Min kamp. Første bok» og Ingrid Storholmen for «Tsjernobylfortellinger».
Norsk kritikerlags pris for beste barne- og ungdomsbok for bokåret 2009 gjekk til Maria Parr for «Tonje Glimmerdal».
Kritikarprisen vart første gong utdelt i 1950, den gong til Torborg Nedreaas for «Trylleglasset» (©NPK).

