Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

To pågripne og sikta i drapssak i Horten

(NPK-NTB): To menn er pågripne i samband med drapet på 87 år gamle Hamida Didovic i Horten i slutten av januar. Politiet leiter framleis etter ein tredje mistenkt.

Tre menn vart etterlyste etter at kvinna vart funnen drepen i leilegheita si. Ho vart funnen fastbunden i senga si av sonen natt til fredag 22. januar.

Onsdag formiddag vart to menn på 18 og 21 år pågripne etter ein aksjon på Romerike. Pågripinga skjedde utan dramatikk, og dei to er frakta til Tønsberg, opplyser politiet i Vestfold. Begge dei sikta, som har norsk statsborgarskap, vil bli framstilte for varetektsfengsling fredag.

Politiet søkjer no etter den tredje personen som vart sett i nærleiken av åstaden og ser ikkje vekk frå at det vil bli gjennomført ytterlegare pågripingar i saka. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.