I dag inneber konsesjonsvilkåra for reservekraftverka at dei berre kan brukast i såkalla svært vanskelege kraftsituasjonar for å redusere sannsynet for rasjonering.
Statnett har søkt om å kunne bruke reservekraftverka for å redusere konsekvensane dersom viktige nettanlegg eller kraftverk skulle falle ut. NVE meiner at drifts- og kraftsituasjonen i Midt-Norge er slik at dersom kraftsystemet fell ut kan det få store samfunnsmessige konsekvensar. Dei anbefaler derfor Olje- og energidepartementet at Statnett får lov til å bruke dei mobile kraftverka i slike situasjonar.
I tillegg til dispensasjon frå konsesjonsvilkåra, vil saka også måtte vurderast opp imot klimakvotelova og utsleppsløyva for CO2 frå Miljøverndepartementet. (©NPK)

