58 år gamle Marian Clita melde seg onsdag for svensk politi og vedgjekk at det var han som stod bak drapet på den norske kvinna på eit hotell i den danske hovudstaden.
- Han er framleis i Malmö der han vart pågripen, men vi jobbar hardt for å få han utlevert. Vi er i dialog med politiet der, men veit enno ikkje når utleveringa kan skje, seier politikommissær Henning Schou Koefoed til NTB.
Clita skal først avhøyrast i Sverige, før han kan sendast til nabolandet. Der vil han bli avhøyrt igjen før han blir framstilt for varetektsfengsling.
- Vi er sikre på at vi har rett mann, og han vil bli sikta for drap, seier Schou Koefoed. (©NPK)

