Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

25 prosent av fem- og seksåringane er på nett

(NPK-NTB): Kvar fjerde fem- og seksåring her i landet er på internett, viser ei undersøking frå Medietilsynet.

Undersøkinga er gjort i perioden 2003 til 2010 og viser at 25 prosent av dagens fem- og seksåringar no er på internett.

I 2003 var 8 prosent av barna i same alder på nettet, skriv Aftenposten.

Undersøkinga viser også at under 5 prosent av foreldra er opptekne av risiko knytt til personvern, framande personar og reklame. Kvar fjerde forelder er bekymra for tidsbruken til ungane på nettet. Ni av ti foreldre meiner fordelane ved å bruke nettet er større enn ulempene.

Andre trendar i undersøkinga er at det har vore ein stor auke i talet på barn og unge som spelar spel med 18-årsgrense, at spel, videoar og chatting er mest populært blant barna, og at kvar tiande unge blir mobba på nettet. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.