Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Finske hamnearbeidarar streikar

(NPK-NTB-Reuters): Finske hamnearbeidarar streikar og det er full stans i godstrafikken inn og ut av landet.

- Forhandlingane braut saman rett etter midnatt. Det er ikkje fastsett noko nytt møte og klokka 6 i dag gjekk havnearbeidarane ut i streik, opplyser det finske Transportarbeiderforbundet.

Streiken vil ramme den eksportretta industrien i Finland hardt, særleg innan sektorar som skogbruk, elektronikk og metall.

Den finske industriforeininga EK anslår at industrien vil tape rundt 800 millionar kroner dagleg som følgje av streiken. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.